Ettersøkshistorier fra lesere av viltspor.

Her vil vi legge inn noen små historier fra leserene av viltspor.no

Send noen ord på mail og vi vil legge det ut på denne siden.

 

Denne oppgaven er skrevet av Sindre Sørensen fra Sotra som er 12 år.

HJORTEJAfinnes bilder i dette vedlegget, vil de ikke bli vist. ejakt på Hella i Radøy kommune 

Særoppgave av Sindre Sørensen

2008

Fakta om hjort 

Vitskapeleg namn: Cervus elaphus 

Hjorten er svært sky, nokke som truleg er årsaka til den store utbreiinga på vestlandet. Hjorten forsvinn ved den minste mistanke om fare. 

Hjorten er Noregs nest største hjortedyr, mens elgen er det største. Hjorten er drøvtyggar og ligg mange timar om dagen og tygg. Hjorten likar seg best i ein open skog og i våtmarks områder. 

Hjortens paringstid er i oktober og då kan ein høyre bukkane brøle for å tiltrekkje seg kollar.

Kollane går drektig i 8 månader og kalvane blir fødd i månadsskifte april-mai. 

Hjortebokkane er normalt mellom 100-150 kg men dei største kan bli over 200 kg. 

Hjortejakt i Norge 

Hjortejakt har lange tradisjonar i Norge. Helleristingar fortel om jakt langt tilbake i tid med enten pil og bue, spyd eller fangstgroper.  I dag er det ikkje lenger matauk som er hovud motivasjonen for jakt, men kanskje først og fremst rekreasjon og nødvendig forvaltning av bestanden. 

 

Vestlandet generelt har svært gode forhold for hjortejakt. Sogn og Fjordane er landets største hjortefylke med over 9500 felte dyr i 2007, som var eit rekord år. I Møre og Romsdal og Hordaland – ble det felt henhaldsvis 8 171 og 5 728 dyr.

  

Det er viktig at både jaktrettshavarar og jegerar er seriøs og tek jakta på alvor. Jakt i Norge skal kun utførast av seriøse og dyktige jegerar som legg vekt på human og sikker jakt.  

Fellingsløyve  

For jakt på elg, hjort, rådyr og villrein er det krav om fellingsløyve. Fellingsløyva spesifiserer kva dyr (art, kor mange og kva kjønn) som kan skytast i eit gitt område. Det er dei enkelte kommunane som har ansvaret for å gi fellingsløyve.  
 

Fellingsløyve tildelt i Radøy Kommune: 

Det vart i 2007 tildelt løyve på 256 dyr. 
Avskytingsprosenten var på ca. 90% . (230 dyr ble skote totalt)
 

44% koller, dvs. 101 dyr.

 
35 % bukkar, dvs. 80 dyr.

 
21 % kalvar, dvs. 49 dyr. 
 

Krav til jegeren og jaktlaget 

Ein jeger må ha bestått jegerkurs for storvilt og kvart år må jegeren ta skyteprøve. Fem skot må vere innanfor sirkelen, som vist på bilete. Jegeren må trene ofte på skytebanen for å bli en god skyttar. 

Alle jaktlag må ha tilgang til godkjent ettersøkshund i tilfelle uhellet skulle være ute. Ved skadeskyting må hjorten finnast fortast mogleg slik at den ikkje lir. Ettersøkshund kan også brukast til å finne hjort som er skadd etter samanstøyt med bil. 

Sindre sin skyteprøve på 100 m mai-2007 

Ayla er en godkjent ettersøkshund

Hjortejakt på Hella i Radøy Kommune 

Hella er ein liten bygd i Radøy kommune som ligg vestvendt mot sjøen. På Hella er det mykje skog med opne områdar kor hjorten har har gode beiteforhold. På den dyrka innmarka kan ein ofte sjå flokkar til opptil 20 dyr. Her forsynar hjorten seg av kål og gulrøter som bøndene har dyrka. Rundt åkrane er det sette opp høge gjerde men desse hoppar hjorten lett over. 

Utsikt frå jakttårnet 

Tidleg morgen

Hjortejakt på Hella i Radøy Kommune 

Tidleg morgen på post i skogkanten  

Hjortejakt føregår i lysninga om morgonen og om kvelden før det blir mørkt. Hjorten beveger seg på kjente stiar. Desse er lurt å finne før hjortejakta startar, då kan det vere lettare å finne dyra. 

Hjortejakt er ein tålmodsprøve, jegeren kan bli sitjande time etter time utan å sjå noko hjort. Luktesansen og hørsla til hjorten er svært god. Det skal lite til før hjorten oppdagar jegeren og spring vekk.

Hjortejakt på Hella i Radøy Kommune 

På spor av bukk, ca 120 kg.  

Når hjorten er felt må den dragast heim for å slaktas. Skinnet og hovudet blir tatt av. Kjøtet må henga i fem dagar for å bli mørt.

Referansar 

Referansar frå internett: 

http://www.koltzow.no/avissider/den_norske_hjorten.htm 

http://www.radoy.kommune.no/Tjenester-for-deg/Naring/Viltforvaltning/ 

http://no.wikipedia.org/wiki/Hjort 

http://www.ssb.no/hjortejakt/